Det er i dag vanleg å etablere fruktfelt med svart jord kring trea. Konvensjonelle dyrkarar bruker plantevernmiddel 1-2 gonger i året for å forhindre konkurranse til frukttreet.
Sprøyting inntil kulturen kan medføre opptak i frukttreet, spesielt ved sprekker, sår eller tynn bark. Enkelte grunnstammer lager også mykje rotskot, kanskje spesielt i etterkant av stressande periodar eller rotskjæring. Desse rotskota kan ta opp kjemiske plantevernmiddel om dei ikkje blir tatt bort i forkant av sprøytinga.
Det er difor interessant å tenkje mekanisk ugrasbekjemping også innanfor konvensjonell fruktproduksjon.