Heim

Før planting

Praktisk bruk

Ulike prinsipp og fresertyper

Alternativ

Dyrkingsmanual: Mekanisk ugrasbekjemping i frukt

Kva viser forskinga?
Det er gjort mange forsøk i Norge og andre land med ulike dekkesystem og fresing.  Det siste større forsøket i Norden vart gjort i Danmark. Resultat derfrå viste at alternative metodar kan også fungere, men det beste er fresing. Ved Aarhus Universitet sitt forsøksfelt i Årslev vart det etablert felt med eplesorten Santana, planta i 2011. Det vart etablert med ulik behandling av vegetasjonen inntil trea ; ubehandla (ugras), rapshalm, fiberduk, fresing (mekanisk), fresing (mekanisk) + såing av belgvekst i juli. Etter tre år var det i ubehandla ledd mykje frostsprekker på trestammen, lågast avling og mindre tilvekst enn i dei andre ledda. Dekkemateriale med halm eller fiberduk var betre, men der vart det store utfordringar med museangrep på vinteren. For dei freste felta var det best resultat for den delen som vart tilsådd med belgvekst. I freste felt var også fruktstørrelsen størst.
Link til Agropub- Bioforsk FOKUS 3/2011 Bioforsk.


Nødvendig å bruke fres?
Det kan virke komplisert å bruke maskiner. Særleg i bakkar og på små teigar må ein vurdere dette nøye ved planting. Kan ein verkeleg få til å køyre når det har vore lengre nedbørsperiodar?

Under er det lista opp alternative metodar som kan fungere.
 

Plast eller fiberduk
Tidlegare var bruk av plast eller anna dekkemateriale mykje brukt. Grunna utfordringar med jordrotte og kort levetid, vart dette etterkvart kutta ut. Spesielt på Austlandet blir svært lite av nyplantinga etablert med dekkemateriale.

Plast er relativt billig, men blir fort øydelagt. I vindver blir hola til trea blåst større og tilslutt må den leggast på nytt, i mange tilfelle. Fiberduk er dyr, men held lenge når den får ligge i fred frå maskiner. Det er også forventa ein varmeeffekt i rotsona som kan være gunstig i enkelte tider av året.

 
Feiekost
Mange konvensjonelle dyrkarar har teke i brukt feiekost. Fungere bra på å få bort ugrasrester, blad og greiner. Spesielt viktig ved mykje epleskurv i felta for å få omdanning av bladmassen. Kan også ta smått ugras og gjer det lettare å få gjort kjemisk bekjemping etterpå. Praktisk erfaring er at det ikkje er tilstrekkeleg å koste anna enn smått ugras. Tiltaket må også gjentas ofte for å få fjerne ugraset. Det vil også medføre såbed for frøugras. Av hygienetiltak i frukthagen kan det være greitt å koste tidleg vår eller etter bladfall på hausten.
 
Klipping inntil trea
Kan lett monterast på klippepanne eller frontmonterast. Fungerer greitt med utløysarmekanisme på eldre tre, men kan være vel hardhent på nyplanting er enkelte dyrkarar sine erfaringar.
 
Fast dekke med organisk materiale
Dekke med flis, halm eller andre organiske materialar kan også brukast på små felt. I praksis er det lite brukt av di det tar lang tid å etablerer og at laget må fornyast ofte. Halm vil også tiltrekkje seg jordrotte og mus. Flis kan brukast, men unngå fersk lauvtre-flis sidan den kan virke tiltrekkjande på lauvtrebarkebilla (Xyleborus dispar).
Brenning med propangass
Kan fungere bra på små areal, men tiltaket må repeterast ofte. Lite tilgjengeleg utstyr for frukt-felt. ENVO-DAN i Danmark har laga prototype som er under utprøving som høver for fruktfelt.
Skålding med damp
Det er laga maskiner med bom og lanse med varmt vatn som skal sprenge cellene til ugraset og dermed drepe plantene. Utstyret skal kunne tilpassast ein sprøytebom til frukt, men kravet til stor traktor vil gjere det vanskeleg å bruke i praksis. Førebels ingen praktisk bruk i frukt, men det er prøvd i grønsaker/jordbær i Norge. Park og hageanleggsbransjen har tatt oppfinninga i bruk.




Almost there..
Account is not activated.
To publish your page and remove this message you must activate your eMarketeer Basic or Pro account.

Log in to your eMarketeer account to upgrade your payplan.