Heim

Før planting

Praktisk bruk

Ulike prinsipp og fresertyper

Alternativ

Dyrkingsmanual: Mekanisk ugrasbekjemping i frukt

Unngå å frese under blomstringa og like før hausting

Antall behandlingar vil variere. I våte år vil det være større behov for fresing enn i eit tørt år som 2014.

Framgangsmåten er å starte så tidleg det lar seg kjøre på våren, slik at det blir svart jord mot blomstring. Rundt blomstring bør en la trea være i fred og så gå på igjen med fresing etter behov, til rundt 4-6 veker før hausting.

Ein må stoppe fresinga i tida før hausting, sidan det er fare for å ta borti greiner eller stammen som kan føre til nedristing av avling.
 

Forarbeidet må være godt

Det er viktig at plantearbeidet blir gjort riktig. Fresen arbeider best om trea står i rett linje og når podestaden er mest mogeleg rett. Blir det brukt «knipe-tre» må ein eventuell bøy på treet gå parallelt med radretninga, elles vil treet lett få juling på den eine sida når ein radfreser.
  
Den viktigaste faktoren er føraren. Det å kunne bruke maskina på rett måte er ein føresetnad for å få eit godt resultat. Maskiner som er bakmonterte er ofte billigare, men på store felt vil det ikkje være bra for føraren som må sitje bakovervendt. Når ein sit lenge i feil stilling vil det også medføre uoppmerksomheit og at arbeidet blir dårlegare. På felt over 10 daa vil dei fleste dyrkarar ha fresen på sida eller frontmontert.

Næringsomsetting

På forsommaren er det viktigst med god ugrasbekjempelse, sidan konkurransen om næringsstoff er størst. Fresing frigjør nitrogen og fremjar nitrogen-omsetjing. Fra slutten av juli ønsker en mindre nitrogen og da kan ugraset få slippe litt mer til. Etter tilføring av organisk gjødsel er det også god praksis å frese for å fa materialet blanda inn i jorda. Fastgjødsel som blir lagt på bakken vil kunne bruke lang tid før næringa blir plantetilgjengeleg.
Les meir om dette i den andre manualen.

Tidsforbruk

Avgrensinga til maskinene er jordtype, fart og kor godt arbeid som vart gjort ved planting. Jord med lite leirinnhald vil ofte være enklare å bearbeide og det vil bli mindre brysame jordklumpar. I stiv leirjord vil mekanisk ugrasbekjemping være vanskeleg. Sandjord vil også tørke lettare opp etter regnver og det er lettare å komme i gang etter lengre regnperiodar.
 
Farten vil variere med maskintype, omfanget av fresing og førar. Å køyre langs radene er enklast med å setje igjen hanekam på midten, det såkalla «Sandwich-systemet».

Farten kan varierer mellom 1-9 km/t alt etter maskintype, felt og førar. Å planlegge å kunne frese over 1-2 daa pr time er nok det ein kan forvente i praksis. Å køyre fresen inntil trehalsen går greitt når trea har nådd ei viss alder og tjukkelse på trestammen. Spesielt ved nyplanting kan det lett blir barkskade og i enkelte gonger blir trea rive med fresen når ein køyrer for tett på trea.

Kor ofte?

Det er ulike oppfatningar om kor ofte ein må frese. Ein dyrkar meiner det må fresast kvar 3. veke for å halde det ugrasfritt. Sesongen startar i april og varer til oktober, så blir det fort 8-10 fresingar i løpet av eit år. Andre har meir avslappa forhold til ugraset og gjennomfører færre behandlingar, alt frå to til seks gonger.
Tidsforbruket varierer mellom 10 minutt til 1 time pr daa. Skålharv-maskiner og «sandwich»-fresing går raskast. Stort ugras, tung jord og rotorfres vil bruke mest tid for å få gjort jobben. Ved for stort ugras må det køyrast fleire gonger, under tørre forhold slik at ugraset tørkar ut mellom kvar behandling.  
 

Planteavstand

Planteavstanden skal ikkje være under 1 meter. Ein dyrkar sin erfaring med tettplanting på 90 cm mellom trea, syner at det er vanskeleg å få bort ugraset mellom trea. Fresen kjem ikkje skikkeleg til med så liten avstand. Med for stor avstand blir det mykje areal som ikkje blir brukt.

Ideell planteavstand kan være 1,00-1,25 meter.

Støttestolpar

Støttestolpar bør plasserast slik at maskina kan ta mellom dei. Enten plante treet inntil stokken eller la det minst være 50 cm på begge sider.

Dryppvatning

Dryppvatning må hengast opp. Det mest vanlege er å bruke strengen i støttesystemet og få slangen ned til ca 50 cm over bakken. Det finst plastklips, stålbøyler eller nokon brukar strips for å få til dette.

Slangen bør henge rett og unngå bueform, siden den lett kan bli tatt med i fresen.

Håndarbeid

Håndrensing må til om ein skal greie ugraset. Ingen maskiner greier å ta bort alt ugraset inntil trehalsen, så det må beregnast tid med ugrashakke. Gjennomføringa varier mellom ingen til 10 gonger pr år hos dei spurte dyrkarane.

Som eit minimum må ein rekne ei til to gonger året om ein skal unngå at det blir store planter som sprer frø og konkurrer med frukttrea.





Almost there..
Account is not activated.
To publish your page and remove this message you must activate your eMarketeer Basic or Pro account.

Log in to your eMarketeer account to upgrade your payplan.