Heim

Før planting

Praktisk bruk

Ulike prinsipp og fresertyper

Alternativ

Dyrkingsmanual: Mekanisk ugrasbekjemping i frukt

Ugrastiltak før planting
Er feltet anlagt på allereie økologisk jord, vil god pløgsle og ein ugrasdrepande forkultur være viktig. Hos ein dyrkar i Østfold er det gode erfaringar med å lage til falskt såbed med å frese opp radene hausten før planting. Så snart ugraset har spirt og fått nokre blad, blir det frest på ny. Slik blir det lite ugras ein må kjempe med når trea er planta.
 
Nødvendig å bruke fres?
Det kan virke komplisert å bruke maskiner. Særleg i bakkar og på små teigar må ein vurdere dette nøye ved planting. Kan ein verkeleg få til å køyre når det har vore lengre nedbørsperiodar?
 

Feltetablering

I køyregangen mellom trerekkjene må det være eit plantedekke, som blir slått med jamne mellomrom. Vanleg praksis i konvensjonelle felt er slåing kvar 7-14. dag, men i økologisk kan det hende at graset bør få vekse lenger for å bevare nyttefaunaen som kan være i graset. Hos ein økologisk dyrkar blir det køyrt annakvar rad kvar 7.-14. dag for at nyttedyra skal flytte seg over i den uslåtte delen. Grasdekke bør bestå av hardføre grasartar og evt kløver.
Beitefrøblanding, eller det å lage eigen blanding med engrapp, raudsvingel og kvitkløver, vil normalt fungere bra. 
 
Det er viktig med godt forarbeid før planting. Har ein mykje rotugras som kveke, burot, hønsehirse eller brennenesle vil den i neste omgang være vanskeleg å fjerne inntil trea. Anbefaling er å starte ugrasbekjempinga før etablering av feltet. I konvensjonell drift kan bruk av kjemiske plantevernmiddel være til hjelp før planting av tre. For økologiske felt vil det i åra før planting av frukttre være viktig å ha god kontroll på ugraset, dvs unngå gamal eng med masse kveke og høymole.

Få bort ugras før planting

Er jorda konvesjonell vil en normalt bruke ugrasmiddel for å brakke arealet før planting. Er det mykje ugras må denne kampen starte i god til før planting.

Brakking hausten før og jordarbeiding på våren er bra strategi.

Falskt såbed

Hos ein dyrkar i Østfold er det gode erfaringar med å lage til falskt såbed med å frese opp radene hausten før planting. Så snart ugraset har spirt og fått nokre blad, blir det frest på ny. Slik blir det lite ugras ein må kjempe med når trea er planta.

Plantearbeidet

Det er ulike preferanser for oppsetting av støttesystem.

  • Planter først og tar støttesystemet etterpå
  • Sette ned hovedstolpene og jordanker før planting. Resten etterpå.
  • Sette opp alt av støttesystem i god til plantene kommer. Fester så trea og feltet er ferdig.





Almost there..
Account is not activated.
To publish your page and remove this message you must activate your eMarketeer Basic or Pro account.

Log in to your eMarketeer account to upgrade your payplan.