I køyregangen mellom trerekkjene må det være eit plantedekke, som blir slått med jamne mellomrom. Vanleg praksis i konvensjonelle felt er slåing kvar 7-14. dag, men i økologisk kan det hende at graset bør få vekse lenger for å bevare nyttefaunaen som kan være i graset. Hos ein økologisk dyrkar blir det køyrt annakvar rad kvar 7.-14. dag for at nyttedyra skal flytte seg over i den uslåtte delen. Grasdekke bør bestå av hardføre grasartar og evt kløver.
Beitefrøblanding, eller det å lage eigen blanding med engrapp, raudsvingel og kvitkløver, vil normalt fungere bra.
Det er viktig med godt forarbeid før planting. Har ein mykje rotugras som kveke, burot, hønsehirse eller brennenesle vil den i neste omgang være vanskeleg å fjerne inntil trea. Anbefaling er å starte ugrasbekjempinga før etablering av feltet. I konvensjonell drift kan bruk av kjemiske plantevernmiddel være til hjelp før planting av tre. For økologiske felt vil det i åra før planting av frukttre være viktig å ha god kontroll på ugraset, dvs unngå gamal eng med masse kveke og høymole.