Rådgjevingsmelding jordbruk |
|
Nr. 7, 02.08.2018 |
|
|
Hausting av forsøksfelt på Vigra, med nye artar og sortar av Strandsvingel, timotei, engsvingel og bladfaks. Strandsvingelen har klart seg godt i det varme tørre veret, og må seiast å vere "lovande".
|
|
|
Etter en svært tørr sommer er det mange som mangler mye grovfôr. Vårt råd er derfor at alle gjødsler opp til 3. slått, selv om en del av dere tidligere ikke har hatt tradisjon for det. Og så får vi håpe på noe oppholdsvær i september også, slik at det går an å få tak i fôret.
|
|
|
Låge grovfôravlingar også på Vestlandet, men håp om god 3. slått
|
|
|
Sandjorda på Hereid i Eidfjord har vore hardt ramma av tørke i år |
|
Me skriv 1. august og kan konstatere at det er store variasjonar i grovfôravlingane sjølv over små avstandar etter ein rekordtørr sesong. Undersøkingar utført av Felleskjøpet, tyder på at grovfôravlingane til no på Vestlandet ligg 18-38% under eit «normalår».
|
|
|
Manglar du grovfôr i år?
Det blir i år vanskelegare å få tak i grovfôr, no når tørken har slått ut store deler av Nord- Europa. De som kjøper inn grovfôr kvart år, bør kjøpe tidleg.
I denne artikkelen finn du informasjon om kraftfôr som erstatning for grovfôr, bruk av halm, kjøp og import av grovfôr og nyttige lenker til fôrformidlingssider.
|
|
|
Ny rådgjevar og nytt fagområde i NLR Vest!
Gunstein Dyrdal (42) frå Os skal jobbe med maskinteknikk i NLR Vest. Han skal gi råd om maskiner, organisere forsøk og spreie kunnskap om pressisjonslandbruk. Gunstein er utdanna agronom og har studert landbruksteknikk på Blæstad. Tidlegare har han mellom anna vore produktsjef for utstyr for presisjonslandbruk og for New Holland traktorar i A-K maskiner. Han har kontor på Kokstad. Vil du koma i kontakt med Gunstein, kan du nå han på tlf: 47463696 og epost: gunstein.dyrdal@nlr.no
|
|
|
Treng du test av åkersprøyta di?
Rådgjevar Leif Trygve Berge reiser i denne og neste veke rundt i Hordaland og testar åkersprøyter. Treng du funksjonstest av åkersprøyta di? Kontakt: Leif Trygve Berge, tlf 98245839
På Sunnmøre blir det ny runde med funksjonstesting i august og september. Påmelding snarast råd, og innan 1. september, til Olav Martin Synnes: olav.martin.synnes@nlr.no, 99573688
|
|
Tørkerammede økobønder kan nå søke om å bruke mer konvensjonelt grovfôr og høyere andel (økologisk) kraftfôr
Mattilsynet har satt i verk katastrofeparagrafen i økologiforskriften på grunn av den ekstreme tørken. Denne gjør det mulig for økobønder med små- og storfe å søke om å redusere andelen grovfôr fra 60 % til 50 % for å kunne bruke mer økologisk kraftfôr.
|
|
|
|
Vekstrapport 2. august- Varmt og tørt også på Vestlandet
Det tørre veret har ført til lågare grovfôravlingar også på Vestlandet. Det er likevel store variasjonar mellom distrikt, med avlingsnedgang mellom 18-38% av eit «normalår». Det har kome noko regn denne veka. Vervarselet tyder på meir regn dei komande dagane.
|
|
|
|
Økologisk grupperåd
Vi har økologisk grupperåd som eit tilbod til produsentar som ønskjer ei fagleg samling med erfaringsutveksling, rådgjeving og sosialt samvær omkring økologisk produksjon.
|
|
Tema på ei slik samling kan vere planteproduksjon, produksjonsbygg, økonomi, husdyrproduksjon eller andre dagsaktuelle tema. Er dette av interesse, ta kontakt med ein av rådgjevarane våre.
|
|
Økologisk Førsteråd
Er du interessert i økologisk landbruk, men veit ikkje om du har dei rette føresetnadene på garden for omlegging? NLR Vest tilbyr gratis Økologisk Førsteråd. Tilbodet inkluderer eit gardsbesøk med vurdering av moglegheita for omlegging til økologisk drift. Skriftleg tilbakemelding og tilbod om oppfølging. Tilbodet er gratis og uforpliktande. Er du interessert, ta kontakt med ein av økorådgjeverane våre.
- Gunnlaug Røthe, Grovfôr- og grønsakdyrking, gunnlaug.rothe@nlr.no, 98245835
- Sigmund Larsen, Grovfôrdyrking, sigmund.larsen@nlr.no, 95223529
- Leif Trygve Berge, Økonomi, Grovfôrdyrking, leif.trygve.berge@nlr.no, 98245839
- Randi Hodnefjell, Grovfôrdyrking, randi.hodnefjell@nlr.no, 92642868
- Kristin Kvamm-Lichtenfeld, Frukt og bær, kristin@nlr.no, 45104254
|
|
Markdag 4. august kl. 11.00 på Voss, hjå Olav Dugstad.
Fokus vert mellom anna på ugras og metodar for å ha kontroll på ugraset med andre metodar enn kjemiske plantevernmiddel (integrert plantevern). Vidare vil me diskutera fornying av eng, jordarbeidingsmetodar,
|
|
jordstruktur, gjødsling og kalking. Åkerbønner og grønsaker vil me også sjå på. Dessutan vil me sjå på eit forsøksfelt der det er sådd strandsvingel og sikori både i reinbestand og i blanding med timotei.
Det vert arrangert liknande markdagar i heile landet der ein ønskjer å ha auka fokus på kunnskapsutveksling mellom økologiske og konvensjonelle metodar for best mogleg kontroll med ugraset i grovfôrproduksjonen.
Bruket til Olav Dugstad har vore drive økologisk i mange år med mjølkeproduksjon i kombinasjon med grønsaker.
|
|
Møte om grovfôrsituasjonen
|
|
|
Stad: Dalheim ungdomshus, Omvikdalen.
Tid: Tysdag 14 august kl. 19.30.
Produsentlaget Folgefonn og Bondelaget inviterer til eit møte der ein set fokus på fôrsituasjonen me er oppe i no.
Desse blir med:
Nortura: Bengt Egil Elve. Livdyrsal og slaktetidspunkt.
FKRA: Sverre Vanvik. Kraftfôr i ei tid med lite grovfôr.
NLR: Helena Elvatun. Status grovfôravling og dyrkingsråd.
Tine: Svanhild Aksnes Botnen. Bondelaget.
Kom og få gode, velmeinte råd, informasjon og ein prat med andre som er i same situasjon. Servering. Vel møtt!
|
|
|
|
Stad: Bjørkheim Kro, Samnanger.
Tid: Onsdag 15 august kl. 11.00.
Produsentlaga i Midthordland, Nordhordland, Vaksdalen/Modalen og Hardanger inviterer til eit møte der ein set fokus på fôrsituasjonen me er oppe i no.
Desse blir med:
Nortura: Bengt Egil Elve. Livdyrsal og slaktetidspunkt.
FKRA: Jenny W. Johnsen. Kraftfôr i ei tid med lite grovfôr
NLR: Lise Austrheim. Status grovfôravling og dyrkingsråd.
Tine: Svanhild Aksnes Botnen. Bondelaget.
Kom og få gode, velmeinte råd, informasjon og ein prat med andre som er i same situasjon. Servering. Vel møtt!
|
|
|
|
SNOP 2018 startar 17. september i Knarvik
Har du ein draum om å sikre ein arbeidsplass på garden din? Har du ein god idé, men veit ikkje korleis du skal få det til? Då har me det rette kurset for deg!
|
|
|
|
|
Startpakke, Hordaland
Nyetablerarar på gard møter utfordringar og kan ha mange spørsmål i oppstartsfasen. I samarbeid med Fylkeskommunen og Fylkesmannen si landbruksavdeling, tilbyr vi ein skreddarsydd startpakke for å hjelpe nye bønder til å starte opp og utvikle ei berekraftig drift på garden. Vi har to ledige startpakkar igjen i Hordaland. Her får du mykje rådgjeving for pengane!
|
|
|
|
|
Kurs i «Praktisk HMS-arbeid»
Ørsta: Tysdag 18.september kl. 19.30-22.30
Stranda: Torsdag 20.september kl. 12-15
Stryn: Tysdag 25.september kl. 19.30-22.30
Nordfjordeid: Torsdag 27.september kl. 12-15
Ålesund/Skodje: Tysdag 2.oktober kl. 12-15
|
|
|
|
|
Fyrstehjelpskurs for landbruket
Øystese, fredag 28. september,
Kvam Fruktlager, kl 12.00 - 15.00
Voss, tysdag 2. oktober,
Kveik lokaler, kl. 12.00 - 15.00
|
|
|
|
|
Foto: Morten Berntsen |
|
|
Bladet ØKO-logisk landbruk
Fagbladet ØKO-logisk landbruk er det einaste heiløkologiske fagbladet i Noreg. Det handlar først og fremst om dei agronomiske tiltaka som skal til for å lukkast med økologisk landbruk, men det er og artiklar om omsetjing, Inn På Tunet-aktivitet med meir. For medlemar i NLR koster abonnementet kr 350,- per år (kr 450,- for andre).
|
|
|
|
|
Kontakt oss!
Norsk Landbruksrådgiving Vest SA
Postboks 197, besøksadresse Krånavegen 5, 6822 Sandane
Telefon: 98245838
E-post: vest@nlr.no
|
|
|
|
|
Brukarnamn og passord
for innlogging på nettsida vår er NLRVest og Norskmat.
|
|
|
|
Følg oss på Facebook
For siste nytt om kurs, arrangement og faglege nyhende, følg oss på Facebook!
|
|
|
|
|
Grovfôrformidling
Me tilbyr formidling av grovfôr til medlemane våre. Dette gjeld både grovfôr i rundballar, høy og surfôr.
|
|
|
|
|
Kursoversikt
Vi arrangerer kurs gjennom heile året. I denne oversikta finn du oppdatert informasjon om kursa våre.
|
|
|
|
|
Denne eposten er sendt til leif.trygve.berge@nlr.no | Om du ikkje ønskjer å motta epost frå oss, trykk her: unsubscribe | © 2018 Norsk Landbruksrådgiving Vest SA, All rights reserved
|
|
|
|
|
|
|