Heim

Før planting

Praktisk bruk

Ulike prinsipp og fresertyper

Alternativ

Dyrkingsmanual: Mekanisk ugrasbekjemping i frukt

Bakgrunn
Denne manualen er laga for «grøntsatsingsmidlene» som Norsk Landbruksrådgiving fekk tildelt i 2014. I tillegg er det gitt midlar frå Foregangsfylket Økologisk Frukt og Bær. Bildene er tatt hos fruktdyrkarar i Norge, samt på studieturar til Tyskland, Danmark, Sverige og Nederland.
 
Manualen er meint som ei oversikt over viktige moment ved etablering, praktiske erfaringar og eksempel på korleis mekanisk ugrasbekjemping i frukt bør gjennomførast. 

Praktisk utprøving kan være til hjelp når ein lurer på om maskina er god nok til din frukthage.

Sjå regnestykke for kostnad for bruk av kjemisk ugrashandtering kontra mekanisk.

Andre viktige nettstader
Plantevern og plantehelse i frukt og bær, Bioforsk Fokus 2013.
Nyplantingsmanual NLR
Manual for næringsomsetning Eivind Vangdal
Stellmanual for økologisk frukt Jan Ove Nes

Vanlig praksis

Det er i dag vanleg å etablere fruktfelt med svart jord kring trea. Konvensjonelle dyrkarar bruker plantevernmiddel 1-2 gonger i året for å forhindre konkurranse til frukttreet. 
   
Sprøyting inntil kulturen kan medføre opptak i frukttreet, spesielt ved sprekker, sår eller tynn bark. Enkelte grunnstammer lager også mykje rotskot, kanskje spesielt i etterkant av stressande periodar eller rotskjæring. Desse rotskota kan ta opp kjemiske plantevernmiddel om dei ikkje blir tatt bort i forkant av sprøytinga.

Det er difor interessant å tenkje mekanisk ugrasbekjemping også innanfor konvensjonell fruktproduksjon.

Hindre konkuranse

Vanlig praksis er ugras-sprøyting 1 meter stripe langs treraden.

Sprøyting

Ugraset blir bekjempa med ulike ugrasmiddel og det blir brukt ei til tre dyser for å fordele ugrasmiddelet. Bildet viser lavavdriftdyse på ein forskningsstasjon i Nederland.

Fresing

Ulike maskiner er aktuelle ved mekanisk ugrasbekjemping. Bildet viser den tyske maskina Ladurner som er rekna for å være ei av dei beste på området.

Samandrag
  • Fresing er det beste om ein har egna felt. Bratte felt og små teigar må ein vurdere om andre metodar kan fungere like bra.
  • Det er nødvending med godt forarbeid før planting av frukttre. Eldre eng med rotugras er umogeleg å kontollere etter planting.
  • Behovet for forskjelleg utstyr er der i de fleste felt. Det å ha utstyr med forskjelleg arbeidsorgan eller to maskiner er ofte nødvendig.
  • Samarbeid om maskiner er ofte nødvendig, sidan prisen er høg
  • Føraren bør være den same, sidan erfaring med maskin og traktor er avgjerande for godt resultat.




Almost there..
Account is not activated.
To publish your page and remove this message you must activate your eMarketeer Basic or Pro account.

Log in to your eMarketeer account to upgrade your payplan.