Påmelding til kurs i smågnagarbekjemping
VIKTIG: LES DETTE FØRST!
Autorisasjonsordninga for gnagarmiddel definerer strengare kven som kan få slik autorisasjon enn kva som er tilfelle for autorisasjon for plantevernmiddel. For å få autorisasjon for gnagarmiddel, må ein i tillegg til å eige eller leige landbrukseigedom, ha gyldig autorisasjonsbevis for plantevernmiddel. I praksis kan ein ta autorisasjonskursa i den rekkefølgje ein ynskjer, men ein vil ikkje få autorisasjonsbevis for gnagarmiddel før ein har gyldig autorisasjon for plantevernmiddel.
Å «eige eller leige landbrukseigedom» blir og tolka til å gjelde ektefelle til eigar/leigar dersom det er særeige på garden, men der det i praksis er ektefellen som driv garden. Det betyr at kårkall, tilsette, barn eller sambuar ikkje kan få autorisasjonsbevis for bekjemping av gnagarar.