Bestilling dekningskartlegging på eige bruk

Fyll ut skjemaet under viss du ynskjer besøk av NLRs dekningsbil for å kartlegge dekninga av posisjons- og korreksjonssignal. Kartlegginga kan gjerast på eiga og leigd jord. 
Sjekk gjerne med naboar eller andre i nærområdet om dei også ynskjer kartlegging, når vi først er i området. 

Etter at bestillinga er sendt, blir du kontakta av ein av våre regionale rådgivarar for å avtale tid. Kartlegginga blir gjort når dekningsbilen er i området. For 2021 er planen at dekningsbilen skal ein runde i Sør-Norge til og med Trøndelag, frå midt i mars og fram til sommarferien. Etter sommarferien køyrer bilen ein ny runde, over heile landet. 
Send bestilling i god tid, så vi får lagt opp ei fornuftig køyrerute. 

Kartlegginga blir utført med utstyret som til ei kvar tid er tilgjengeleg på bilen. Som eit minimum har vi Egnos og RTK. Mest truleg også eit par satellittbaserte korreksjonssystem ut over Egnos. Dette blir du informert om. 
Etter kartlegginga får du tilgang på målingane, og vi viser og forklarer kva resultata betyr. Vi kan også gi råd om kva utstyr du har å velje i, med utgangspunkt i din situasjon. 

Sjølve kartleggingsarbeidet, med bilen i drift, inklusive rådgivar, kostar kr 1100 pr. time for NLR-medlemmer og kr 1500 for ikkje-medlemmer. 
For tid utanom dette, som etterarbeid og rådgiving, kostar kr 800 pr. time for NLR-medlemmer og kr 1100 for ikkje-medlemmer. 


Rådgivaren kan anslå kor mykje tid som vil gå med, når du informerer om kva areal du vil ha kartlagt. 

Har du eksisterande utstyr som du opplever problem med, enten det er signalbortfall, forstyrringar eller anna: Vi kan også undersøke kva problemet er i slike tilfelle. 

Bestillingsskjema
Fornamn
Etternamn
NLR-region
E-postadresse
Adresse
Postnr.
Stad
Mobil nr. med +47
Merknader
Medlem i NLR