HMS-avtale

Gjennom avtalen får du jamnleg oppfølging og besøk av din HMS-rådgjevar i NLR. Du får fagleg oppdatering og informasjon gjennom fagmøte og eigne HMS-rådgjevingsmeldingar. Avtalen gir deg rabatt på HMS-relaterte kurs. Bedriftshelsetenesta vil kalle deg inn til rutinemessig kontroll kvart 3 år.  Utover dette kan du kontakte og få råd og hjelp frå bedriftshelsetenesta eller HMS-rådgjevar når du treng det. Nokre tenester kan du kjøpe til eigen medlemspris. Det kan vere ekstra gardsbesøk/HMS-gjennomgang, konkrete risikovurderingar, sikker jobbanalyse, utgreiingar ved tilrettelegging av arbeidsplass. HMS-avtalen gjeld til det vert sagt opp av ein av partane.

Avtalen kostar kr 2200,- per år.

Fyll ut skjema for å bestille HMS-avtale
Fornamn
Etternamn
e-post
Firmanamn
Fakturaadresse
Postnummer
Stad
Telefonnummer
Fødselsdato
Når du teiknar HMS-avtale må du vere klar over desse punkta:

Bedriftsleiar (gardbrukar) kan samtykke til at opplysningar om HMS-avtale som er teikna i NLR kan gjevast til garden eller bedrifta sitt forsikringsselskap for å oppnå rabatt på landbruksforsikringa.
 
1. Gjennom HMS-avtalen vert garden / bedrifta knytta til godkjend bedriftshelseteneste som er spesielt tilpassa yrkesutøvarar i landbruket. Tenesta får du gjennom den bedriftshelsetenesta (heretter kalt BHT) som NLR har samarbeidsavtale med i regionen. Tenesta skal ytast i samsvar med «Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (Arbeidsmiljølova) av 17. juni 2005» og tilhøyrande forskrifter, samt styringsdokumenta HMS-kvalitet i NLR.
 
2. Gardbrukar eller bedriftsleiar pliktar å legge til rette for at BHT og NLR kan utføre arbeidet sitt.
 
3. Tenestetilbodet som blir omfatta av avtalen, er skildra i prosedyre 1.6 i «HMS-kvalitet». Kontingenten vert fakturert ein gang pr. år av lokal NLR-eining og til den gjeldande kontingentsats pr. innmeldt person.
 
4.  Gardbrukar eller bedriftsleiar samtykker til at NLR og BHT kan registrere og handsame personopplysningar om innmeldte personar i samsvar med dei krav som følgjer av personopplysningslova og tilhøyrande forskrifter. NLR og BHT har teieplikt om opplysningar av konfidensiell karakter som gjeld bedrifta, gardbrukar og dei tilsette.
Tvistar som oppstår i tilknyting til HMS-avtalen, vil vi prøve å løyse i minnelegheit.
Eg samtykkjer til at opplysningar om teikna HMS-avtale i NLR kan gjevast til foretaket sitt forsikringsselskap for å oppnå rabatt på landbruksforsikringa
Skriv inn namn på forsikringsselskap som stadfesting på samtykke:
Fylgjande personar vert omfatta av avtalen: (Skal fleire personar på garden eller i bedrifta vere med i ordninga, kostar det kr 1100 per år for kvar person)
Skriv inn namn, telefonnummer, e-post og fødselsdato på alle, unnateke deg sjølv, som skal omfattast av avtalen

Almost there..
Account is not activated.
To publish your page and remove this message you must activate your eMarketeer Basic or Pro account.

Log in to your eMarketeer account to upgrade your payplan.