Are you having trouble viewing pictures?
Read this email in your web browser.
 - Frå beitestrategiar til kjøttkvalitet og smak -
 Fagmøte for deg som vil velja rett mage til graset ditt.
Sender du graset gjennom rett mage?
Tysdag 6. desember arrangerer me eit seminar som rettar seg mot dei som skal bruka kjøtet og dei som produserer kjøtet.
Ja, du les riktig. Kokkar og bønder skal vera samla og høyra om ulike beiteraser på sau, geit og storfe – og ja, me skal ikkje bera høyra men også smaka på kjøt frå ulike dyr og ulikt kvalitet -  presentert av Morten og sitt team på Bare Vestland.
På seminaret samlar me bønder frå Hordaland, både dei som vil byrja med beitedyr og dei som produserer allereie, for å læra meir om leveringstidspunkt, kvalitet, rase, drift etc.
 
Me har invitert dei beste som skal presentera 5 saueraser, 2 geiteraser og 4 storferaser med alle sine eigenskapane ift smak, kvalitet og krav rundt drift med meir. Seminaret starter kl 10.00 på statens hus før vi drar vidare til Bare Vestland for å høyre frå Strilalam og Voss Gardslakteri om kjøtkvalitet, slakting, modning etc., og kva som er viktig for å få fram dei gode smakane me vil ha på tallerken til slutt.
 
Alle skal få kjenne på kvalitet, smak og andre eigenskapar. Så tek me turen att til statens hus for å høyra korleis man skal leggja opp drifta si for å få det til.

Oppmøte: Statens Hus, Kaigaten 9, Bergen
Lunsj på Bare Vestland
Dato: 6. Desember
Tid: 10:00-16:30

Det er plass til 40 deltakarar. Viss du vil vera ein av dei, må du melda deg på snarast.

(bilete: Nils S. Drabløs frå boka Vestlandsk fjordfe)
Tema

- Velkommen
- Kva vil marknaden
- Saueraser og geit
- Storferaser 
- Smaksopplevingar på Bare Vestland
- Innlegg frå slakteri om kjøttkvalitet mm
- Innlegg om beitedrift
- Infotorg/ mingling