Maskinførarkurs på Voss
26. -29. april
 

Kurset er eit 32-timars teorikurs​, obligatorisk for førarar av gravemaskin og andre masseflyttingsmaskinar, som hjullastar, gravelastar, dosar, veghøvel og dumpar. For å få sertifikat må ein i tillegg ha 40 timars godkjend praksis, under tilsyn av fagperson. Teorieksamen blir siste kursdag. Den som har godkjend praksis, kan ta køyreprøve under kurset. Det mest vanlege er å ta denne praksisen i ettertid.

Tid: Torsdag 26. april - sundag 29. april 2018
Stad: Voss - Kveik kafé / tidl. Indremisjonskaféen

Program:

  • Torsdag: Kl. 17.00 – 22.00 Informasjon om kurset, utfylling av dokumenter, introduksjon.
  • Fredag: Kl. 09.00 – 18.00 Full teoridag
  • Laurdag: Kl. 09.00 – 18.00 Startar med teori, avsluttar med praktisk køyring etter mat.
  • Sundag: Kl. 09.00 – 16.00 Starter med teori, avsluttar med teoretisk eksamen.


Pris under 20 deltakarar kr 6500,-/5600,- (medlem i NLR)
Pris over 20 deltakarar kr 5500,-/4600,- (medlem i NLR)
Prisen er inkludert grunntrening på fleire maskintyper.
Rabatt for medlem i NLR gjeld også ektefelle/dotter/son/tilsett.

Kontaktperson: Mari Aker; tlf. 98 24 58 40 mari.aker@nlr.no
 
Påmelding innan 22. april

Arrangør:

                          ATS-041 og sertifisert av ASAS

 

Fagleg ansvarleg er:

16 år - Du kan ta teorikurs og eksamen
17 år - Du kan øvelseskøyre om du har bestått teorikurs
18 år - Du kan køyre opp
Praksiskrav
Eit bestått maskinførarkurs vil gi bestått teori for gravemaskin, hjullastar, gravelastar, dosar, veghøvel og anleggsdumpar. For å få rett til å køyre desse maskinane må ein gjennomføre ein praktisk køyreeksamen per maskintype

Praktisk køyreeksamen etter nærare avtale.

Praksiskravet er minimum 40 timar praktisk bruk per maskintype. Denne praksisen må bli dokumentert av ein fadder som enten er ein godkjent maskinførar med kompetansebevis/ fagbrev og minst 3 års erfaring/ praksis med aktuelt utstyr. Den enkelte deltakar må sjølv sikre seg tilgang på fadder.

Ved bestått praktisk og teoretisk prøve vil det bli utstedt maskinførarbevis. Det er ikkje krav om at praktisk eksamen må takast innanfor eit gitt tidsrom etter bestått teoretisk prøve.

Ta kontakt om du har spørsmål.