Sertifiseringskurs i brannsikring ved varme arbeid, tilpassa landbruket

Lavik Fjord Hotel 16.10.
Aurland, Sogn jord og hagebruksskule 18.10.
Skei, Thon Hotel Jølster 25.10.
Bryggja, Fjordly 30.10. 
Bremanger, Kolset oppvekst 03.11. 
Askvoll, kommunehuset 06.11.

Alle kurs går frå 9.30-17.00

Forsikringsselskapa stiller krav til sertifikat for utføring av varme arbeid

Brann kan fort oppstå ved utføring av varme arbeid. Den som utfører slikt arbeid, skal ha innsikt i brannrisiko,og utføre arbeidet på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Varme arbeid er arbeid med utstyr som kan gje gneistar eller varme nok til å tenne ein brann.
Forsikringsselskapa stiller krav til sertifikat for utføring av varme arbeid. Dette gjeld også bønder på eigen gard, og det gjeld og for ev. brannvakt.

Kurset tek føre seg:

  • Sertifiseringsordninga for brannvern ved utføring av varme arbeid
  • Gjeldande regelverk/sikkerheitsforskrift og arbeidsinstruks
  • Brann- og sløkkjeteori
  • Risiko ved utføring av varme arbeid        
  • Praktisk slokking
  • Eksamen

Kurset er på 7,5 timar med eksamen og sløkkjeøving.

Undervisninga følgjer mal frå Norsk Brannvernforening og dekkar alle bransjar, men vi har lagt til ein del konkrete hendingar som handlar direkte om dei farar som er særskilde for landbruket.

Fullført kurs med godkjent eksamen gir sertifikat for Varme arbeid utferda av Norsk Brannvernforening.

Pris: 1800 for medlemar i NLR, 1600 for dei med HMS-avtale og 2340 for andre. 

Kurslærar:

Kolbjørn Taklo, seniorrådgjevar HMS. Kolbjorn.taklo@nlr.no  Tlf 91396560

If the email does not display correctly
please read it in your web browser