SERTIFIKAT FOR UTFØRING AV VARME ARBEID – KURS DEG NO!

Vinkelslipar, sveiseapparat, varmluftspistol, propanbrennar. Utstyr som ved bruk kan vere årsak til brann. Forsikringsselskapa stiller krav om at du skal ha sertifikat for å bruke slikt ustyr, også på eigen gard.

Sertifikatet må fornyast kvart 5. år, og kravet gjeld i alle miljø der det er fare for at brann kan oppstå. På kurset tek vi for oss innhaldet i sertifiseringsordninga, krav i lover og forskrifter, korleis brann oppstår og spreier seg, og ulike materiale sine eigenskapar til å motstå brann. Du lærer og om ulikt sløkkeutstyr, og det vert praktisk sløkkjeøving. Kurset vert avslutta med eksamen.

I NLR Vest ynskjer vi å tilby kurs der bønder bur, og med eit innhald som i størst mogleg grad er retta mot landbruk. Kursa går no i mars/april, og det er kurstilbod i alle tre fylka. MEN det blir ikkje kurs utan at du melder deg på!

Det kan bli lenge til vi tilbyr nytt kurs nær deg.

Alle kursa går frå kl 09:30-17:00
18.03.19 Sandane
25.03.19 Furebuda, Stadlandet
26.03.19 Thon Hotell Baronen Spjelkavik
28.03.19 Sande Kro
29.03.19 Sogndal
01.04.19  Ulvik, fullt
02.04.19 Kommunestyresalen, Rosendal
04.04.19 Balestrand NB! Arr. i lag med og sponsa av bondelag og kommune, ekstra rabattar!!

Brann kan fort oppstå ved utføring av varme arbeid. Den som utfører slikt arbeid, skal ha innsikt i brannrisiko,og utføre arbeidet på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Varme arbeid er arbeid med utstyr som kan gje gneistar eller varme nok til å tenne ein brann.
 Forsikringsselskapa stiller krav til sertifikat for utføring av varme arbeid. Dette gjeld også bønder på eigen gard, og det gjeld og for ev. brannvakt.

Kurset tek føre seg:

  • Sertifiseringsordninga for brannvern ved utføring av varme arbeid
  • Gjeldande regelverk/sikkerheitsforskrift og arbeidsinstruks
  • Brann- og sløkkjeteori
  • Risiko ved utføring av varme arbeid        
  • Praktisk slokking
  • Eksamen

Kurset er på 7,5 timar med eksamen og sløkkjeøving.

Undervisninga følgjer mal frå Norsk Brannvernforening og dekkar alle bransjar, men vi har lagt til ein del konkrete hendingar som handlar direkte om dei farar som er særskilde for landbruket.

Fullført kurs med godkjent eksamen gir sertifikat for Varme arbeid utferda av Norsk Brannvernforening.

Pris: 1800 for medlemar i NLR, 1600 for medlemar med HMS-avtale og 2500 for andre.

Kurslærar:

Kolbjørn Taklo, seniorrådgjevar HMS. Kolbjorn.taklo@nlr.no  Tlf 91396560

Saknar du kurs der du bur? Ta kontakt, så ser vi kva vi kan få til.

If the email does not display correctly
please read it in your web browser