Del denne e-posten:

Maskinførarkurs 2020:
Sandane: 12-15. mars, Voss: 19-22. mars

32-timars teorikurs og grunntrening retta mot alle som skal køyre gravemaskin eller andre masseforflyttingsmaskinar. Kurset er eit teoretisk minstekrav for å få maskinførarbevis. Eit bestått maskinførarkurs vil gi bestått teori for gravemaskin, hjullastar, gravelastar, dosar, veghøvel og anleggsdumpar.

Program
Torsdag: Kl. 17.00 – 21.00 Informasjon om kurset, utfylling av dokument, introduksjon.
Fredag:   Kl. 09.00 – 18.00 Full teoridag
Laurdag: Kl. 09.00 – 18.00 Startar med teori, avsluttar med praktisk køyring etter mat.
Sundag:  Kl. 09.00 – 18.00 Startar med teori, avsluttar med teoretisk eksamen.
 
Pris 15-19 deltakarar kr 7 000,-/6 000,- (medlem i NLR)
Pris 20-24 deltakarar kr 6 500,-/5 500,- (medlem i NLR)
Pris over 25 deltakarar kr 6 000,-/5 000,- (medlem i NLR)
 
Prisen er inkludert grunntrening på fleire maskintypar. Prisen inkluderer òg ein framtidig oppkøyring med kompetansebevis.
Rabatt for medlem i NLR gjeld også ektefelle/dotter/son/tilsett.
 
Informasjon og påmelding innan sundag 1. mars til
Dag Erik Hauge: tlf. 976 59 609 eller dag.erik.hauge@nlr.no
Ved påmelding: Send namn, adresse, mobil, fødselsdato
 
Arrangør NLR Vest. Fagleg ansvarleg KTO

Sommarjobb? Inngangsbilletten er her:

16 år
Du kan ta teorikurs og eksamen
 
17 år
Du kan øvingskøyre om du har bestått teorikurs
 
18 år
Du kan køyre opp
 
 
Praksiskrav
Et bestått maskinførarkurs vil gi bestått teori for gravemaskin, hjullastar, gravelastar, dosar, veghøvel og anleggsdumpar. For å få maskinførarbevis må du gjennomføre ein praktisk køyreeksamen per maskintype.
 
Før køyreeksamen er det eit krav om minimum 40 timar praktisk bruk per maskintype. Denne praksisen må dokumenterast av ein fadder. Fadder er ein maskinførar med kompetansebevis/fagbrev og minst 3 års erfaring/praksis med aktuelt utstyr. Deltakar må sjølv sikre seg tilgang på eigen fadder.
 
Praktisk køyreeksamen etter nærmare avtale. Denne er inkludert i prisen.
 
Ved bestått praktisk og teoretisk prøve vil du få maskinførarbevis. Det er ikkje krav om at praktisk eksamen må takast  innanfor eit gitt tidsrom etter bestått teoretisk prøve.
 
Ta kontakt dersom spørsmål.