Sertifisering i brannsikring ved varme arbeid

KSL og forsikringsselskapa krev sertifikat for utføring av varme arbeid. Dette gjeld også bønder på eigen gard, og eventuell brannvakt.

Brann kan fort oppstå ved utføring av varme arbeid. Den som utfører slikt arbeid, skal ha innsikt i brannrisiko,og utføre arbeidet på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Varme arbeid er arbeid med utstyr som kan gje gneistar eller varme nok til å tenne ein brann.

  • Nordfjordeid, Stokkenes Gjestgard, 17.03, 9.30 – 16.30
  • Sande i Sunnfjord, Sande kro, 19.03, 09.30 – 16.30
  • Skei, Thon Hotel Jølster, 24.03, 09.30 – 16.30
  • Åsane, Felleskjøpet, 27.03, 09.30 – 16.30
  • Tørvikbygd, Innstranda grendahus, 28.03, 09.30 – 16.30
  • Stord, Vikahaugane idrettspark, 31.03, 09.30  - 16.30
  • Ørsta, rådhuset, 01.04, 09.30 – 16.30

Kurset tek føre seg:

  • Sertifiseringsordninga for brannvern ved utføring av varme arbeid
  • Gjeldande regelverk/sikkerheitsforskrift og arbeidsinstruks
  • Brann- og sløkkjeteori
  • Risiko ved utføring av varme arbeid        
  • Praktisk slokking
  • Eksamen

Kurset er på 7,5 timar med eksamen og sløkkjeøving.

Undervisninga følgjer mal frå Norsk Brannvernforening og dekkar alle bransjar, men vi har lagt til ein del konkrete hendingar som handlar direkte om dei farar som er særskilde for landbruket.

Fullført kurs med godkjent eksamen gir sertifikat for Varme arbeid utferda av Norsk Brannvernforening.

Pris: 1800 for medlemar i NLR, 1600 for medlemar med HMS-avtale og 2500 for andre

Kurslærar:
Kolbjørn Taklo, seniorrådgjevar HMS. Kolbjorn.taklo@nlr.no  Tlf 91396560