Autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel

Har du gyldig plantevernbevis? Viss ikkje må du melde deg på kurs no.

Skal du fornye må du berre ha del 1: Teoridel + eksamen
Tek du kurset for første gang MÅ du ha del 2: Praktisk del, men vi tilrår å også gjennomføre teoridel først. Praktisk del vert avslutta med eksamen.

Alle kursa er linkar som tek deg til informasjon og påmelding på kvart kurs. Klikk på lenka til kurset du er interessert i for å melde deg på.

Dag 1: Teoridel er obligatorisk for deg som fornyar, og tilrådd for deg som tek kurset for første gang. Alle teorikurs er på Teams (nettbasert)

Eksamen for deg som FORNYAR. Eksamen krev oppmøte. Stadar kjem når det nærmar seg, men vi prøver å leggje eksamen til næraste kommunesenter, dersom det lar seg gjere. Det vert altså eksamen fleire stadar rundt i fylket på nemnde datoar. Du kryssar av for ønska eksamensdato når du melder deg på teoridelen.
  • 24. mars (Vestland og Møre og Romsdal)
  • Påmelde frå andre fylke enn Vestland og Møre og Romsdal må sjølv kontakte sin kommune for å avtale eksamen.
Dag 2: Praksisdel er obligatorisk for deg som tek kurset for første gang. Alle praksisdagar krev oppmøte. Kursdagen avsluttar med eksamen. Les meir om AUTORISASJONSKURS FOR KJØP OG BRUK AV PLANTEVERNMIDDEL

Dersom det er for få påmelde på enkelte kurs kan vi kansellere enkeltkurs, og gje påmelde tilbod om å delta på andre kursdagar.