Treng du fleire bein å stå på for å sikra økonomien på garden din?

Framleis ledige plassar på SNOP 2018

Oppstart 15. Oktober i Knarvik

Strategisk nærings- og produksjonsutvikling

(SNOP)

I samarbeid med Hordaland Fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge, hjelper rådgjevarar frå NLR Vest SA deg gjennom utviklingsprosessen på garden din.

Dette får du:
  • Komplett forretningsplan
  • Driftsplan
  • Kursbevis
  • God oppfølging under og etter kurset
  • Utvida nettverk

Anten du skal overta gard, ynskjer å utvida eksisterande drift, starta ny næring innanfor tradisjonelt landbruk eller ei attåtnæring på garden, hjelper me deg å utvikla ein komplett forretningsplan.

Forretningsplanen er eit dokument som fortel andre kva idear du har og korleis du har tenkt å realisera dei. Det er og eit styringsdokument som hjelper deg å halda stø kurs mot målet.

Ein forretningsplan styrkjer dine moglegheiter når du skal:

  • Søkja byggjeløyve
  • Få lån til investeringar
  • Søkja tilskot
  • Oppnå suksess
Det kjem gjesteforelesarar frå Fylkesmannen si landbruksavdeling, kommunen, Innovasjon Norge og Kompetansenettverk Lokalmat Vest.

Kurset vert toppa med eksursjon til bønder i nærområdet.

SNOP 2018

Kurset startar 15. Oktober på kommunehuset i Knarvik i Lindås Kommune.

Strategisk Nærings- Og Produksjonsutvikling (SNOP) 

Kurset går over 8 dagar fordelt på 4 mnd. 
Før kurset startar må alle deltakarar ha gjennomgått ein nettbasert del.
 
1. del: nettbasert
2. del: 15. og 16. oktober
3. del: Ekskursjon: 5. november
4. del: 12. og 13.  november 
5. del: 3. desember
6. del: 14. og 15. Januar 2019
 

SNOP 2015

gjekk i Knarvik i Lindås kommune med 18 deltakarar fordelt på 12 prosjekt. På dette kurset hadde me med oss Dalland Gard, Almo Gård, Vidsyn Rosendal, Dalen Gård - et fristed for firbente, og mange fleire. Du finn sidene deira på facebook.

Les Bondevennen sin artikkel om SNOP 2015 her

SNOP 2016

gjekk på Bjørkheim i Samnanger kommune, med 12 deltakarar. Her hadde me med oss Meling Gardsbutikk, Haugland Bondegård, Ut på landet og fleire med. Biletet viser dei av deltakarane som var med på eksursjon til bønder i Fusa og Samnanger.

SNOP 2017

gjekk i Odda i Hardanger, med 12 deltakarar. Biletet viser kursdeltakarane rundt bordet heime hjå Edel Karin Alpen. Der fekk vi lunsj med lokal mat frå Alpen gardsbakeri og Spansteigen gard, og drikke frå Hardanger Gutane. Alle nemnde stod på besøkslista for årets eksursjon.

SNOP 2017 deltakar Tina Eik frå Rosendal visar fram kursbeviset sitt

Historikk og framtidsplanar

NLR Hordaland hadde det første næringsutviklingskurset sommaren 2012. Dette var eit NUG-kurs (Næringsutvikling på Gården), med forelesarar frå NLR sentralt og Norges Vel. Etter det fyrste kurset utvikla vi i NLR Vest vårt eige næringsutviklingskurs basert på eigne ressursar og lokale gjesteforelesarar, og har til no hatt 5 svært vellukka SNOP-kurs.

Totalt har 67 personar delteke på SNOP-kurs sidan 2013. NUG kurset i 2012 hadde 10 deltakarar.

Kurset er framleis i utvikling og for fyrste gong testar vi i år ut ein nettbasert del av kurset.
 

Dato

9. Oktober 2018

Stad

Formannskapssalen
Knarvik, Lindås kommune

Tid

09:30-15:30

For meir informasjon eller påmelding

Kontakt kursleiar Ester Helland på

  • mobil: 98245842
  • epost: ester.helland@nlr.no
  • eller via linken under

This email has been sent to ester.helland@nlr.no  |  If you no longer wish to receive emails please unsubscribe  |  © 2013 Norsk Landbruksrådgiving Vest SA, All rights reserved