30.04.2020

                   Fruktmelding 9-2020

Aktuelt frå tidlegare meldingar

  • Ugrassprøyting, fruktmelding nr. 8-2020, sendt 24. april
  • Tynning i plommer, fruktmelding nr. 7-2020, sendt 17.april. NB! Opal ser ut til å svikta i mange felt, så ta omsyn til redusert pollinering når du vurderer trongen for tynning.

Utvikling

Temperaturane er forholdsvis låge, og bremsar noko på utviklinga, men det går jamt og trutt framover. Plommene er godt i gang med bløminga med morellene hakk i hel. I Ryfylke er nokon sortar allereie på hell. Pærene står i ballong i Hardanger, og er godt i gang i Ryfylke. Eple er ikkje heilt i gang endå. Gravenstein står på ballong både i Hardanger, Sogn og Nordfjord, og det gjer også Summerred i Ryfylke. Seinare utvikla sortar er framleis på tett klynge. Enkelte sortar ser ut til å svikta litt i år, først og fremst ein del Opal og Discovery. Hjå ein del dyrkarar er svikten i Opal så omfattande at det også kan redusere setjinga i andre sortar, pga av svikt i pollensorten. I ein slik situasjon aukar og terskelen for kjemisk tynning med ATS.

Ugrasbekjemping i nyplantingar

Mange er i gang med ugrasbekjemping i frukthagane, også i nyplantingar. Vi oppfordrar til å vere nøyaktige med sprøytedusjen frå ugrasdysa mot trerekkja for å unngå opptak gjennom ung bark som kan gje skade på trea, spesielt ved bruk av glyfosat.
 
Enkelte har kanskje ei formeining om at stammebeskyttarane stoppar sprøytedusjen inn ved basis av trea. Eit enkelt eksperiment vart utført i ein hage ved ugrassprøyting. Væskefølsomt papir vart plassert nedst på stammen innafor stammebeskyttar. Den frontmonterte ugrasbommen (bilete under) vart køyrt med sprøytedusjen så nær rekkja at nedste del av stammebeskyttar vart fukta.
 
Bileta viser at sprøytedusjen med ugrasmiddel slår gjennom både eit og to lag med stammebeskyttar. To lag (dobbel snurring rundt stammen) reduserar væskeavsetninga på treet, men vernar ikkje heilt mot opptak av ugrasmidlar gjennom ung bark.

Skurvsituasjonen 

Nedbøren som kom tidleg i veka gav mykje sporekasting, men det tørka så raskt opp i bortimot alle distrikt at det ikkje vart nokon infeksjon av det. Einaste mogelege unntaket ser ut til å vera Skiftun i Ryfylke, der RIM-verdien kom opp i ca. 200, og det såleis kan vera litt fare i dei aller svakast sortane, som Summerred. Dei låge temperaturane gjer at det må vera fuktig ganske lenge for at me skal få ein skurvinfeksjon.
 
Framover er det meldt litt nedbør kring 1. mai frå Sogn og sørover, og litt 3-4. mai frå Sogn og nordover. I følgje berekningane skal ikkje den første skvetten føra til infeksjon nokon stader, men det kan gå mot eit utslag for Nordfjord og Linge 3-4. mai, og nokon av stasjonane i Hardanger 4-5. mai. No har RIMpro ein tendens til å berekna meir doggfall og bladfukt i prognosen basert på vervarselet enn det som er realistisk, så det er ikkje sikkert det vert noko av dette. Det ser likevel ut som me får ein litt meir ustabil vertype framover, så det er svært viktig å følgja med på varselet og koma seg ut med førebyggjande sprøyting i tide. Det er framleis mykje ascosporar som modnar i det fine veret.

Planting av frukttre

Det vert planta ein god del tre i desse dagar, og mange har vore svært flinke til å ha oppstøttinga klar før planting. At trea får oppstøtting frå første dag, eller at ein i alle fall får oppstøttinga raskt på plass er svært viktig for å få ei god etablering. Pass også på at barrotstre får stå i vatn eit par døgn før planting.

Gjødsling og bladgjødsling

Rett etter planting av barrotstre er det viktig å dusja over rotsona med ca. 5 liter vatn pr. tre for at jorda skal setja seg godt rundt røtene. Dersom ein i tillegg får blanda gjødsel i vatnet fungerer det som ei grunngjødsling og gjev trea ein svært god start. Aktuell blanding er 1 kg MAP, 1,5 kg urea og 2 liter Humifirst pr. 1000 liter.
 
Frå musøyre kan ein byrja å bladgjødsla. Aktuell dosering for nyplantingar/tre som skal veksa kan vera:
100 g MAP, 300-400 g urea (start med lågaste og gå opp når det er meir bladverk), 500 g magnesiumsulfat, 50 ml Wuxal Microplant og 50 ml Mantrac.
 
NB! Dette er fulle dekardosar for tre som bortimot har nådd høgda. I praksis må desse reduserast noko for nyplanta tre. Ein kan gjerne nytta 50 % heilt i byrjinga, og auka etter storleiken på trea.

Skjering

Praksis for skjering av nyplantingar har variert noko dei siste åra, og gått frå skjering av dominerande greiner til at ein har frårådd all skjering rett etter planting, med den grunngjevinga at trea skulle få behalda alt av knoppar og blad for å byggja opp eit sterkt rotsystem første vekstsesongen.
 
Me ser no at det ofte berre vert bryting yst på greinene i ein del sortar. Med kraftige tre med lange greiner kjem ein fort inn i nabotrea om ein ikkje skjer før etter ein vekstsesong.
 
Tilrådinga me fekk på kjernefruktsamlinga i januar var å prøva å skjera inn på greinene rett etter planting. Dersom planteavstanden t.d. er 90 cm når greinene saman når dei vert 45 cm lange. Ein bør då skjera dei på 35-40 cm, slik at det vert plass til noko tilvekst. Dette vil gje eit nytt årsskot som kan nyttast til saftrekkingssnitt (STS) neste år høveleg langt ute på greina.
Skot som er kortare, men som kan vera aktuelle å byggja opp som greiner kan ein skjera vekk endeknoppen på.

Oppdatert mal for plantevernjournal for 2020

NLR har oppdatert malen for plantevernjournal som dekker kravene Forskrift om plantevernmidler setter til sprøytejournal, integrert plantevern og plikten til å redusere risikoen for vannforurensning. Les mer her.

Ledige stillinger i NLR Vest

Det er to ledige stillinger i NLR Vest, som rådgiver i jord- og plantekultur, se annonse her og rådgiver landbruksbygg, se annonse her.

Viktige punkt for kjemisk tynning i eple

Utviklinga går jamt og trutt framover. Det er ikkje noko hast med tynning i eple, men det er viktig å vurdera dei ulike hagane og leggja ein plan. Me tek difor med litt repetisjon av dei viktigaste punkta ein må tenkja på.
 
Jamt over ser det ut som det er greitt med blom, men særleg Discovery ser ut til å svikta i år. Både tal og styrke på blomane kan naturlegvis variera noko mellom ulike hagar.
Vurder trongen for kjemisk tynning, men hugs på at sjølv i hagar der det ikkje skulle vera det største behovet kan det vera ein ide å ta ein runde med ATS seint i bløminga. Dette vil og redusera belastninga på trea, og såleis redusera risikoen for vekselbering.
 
NB! Ein del dyrkarar har fleire år hatt store problem med skade i skalet i Summerred. Utan at me har eit heilt klart svar på kvifor dette oppstår har me ein mistanke om at det er samanheng med høg etylenproduksjon i frukta (jf. artikkel i Norsk Frukt og bær nr. 1 – 2018, side 14-15).  
 
Det kan vera ein god ide å leggja opp tynningsstrategien slik at ein seinast nyttar Cerone mot avbløming, og unngår å nytta middelet på knytingen. Dette for å unngå innverknad på modninga og at epla kjem så fort at ein dermed kjem litt bakpå med haustinga mot slutten.
 
Ting å tenkja på før ei ATS-sprøyting

  • Kor lenge har blomane vore opne på hovudsorten? (Følg med og noter! Må sjekkast kvar dag når det går så fort som no.)
  • Kor lenge har blomane vore opne på pollensorten?
  • Er pollenet modent hjå støvtrea (og kor lenge har det vore det)?
  • Har støvtrea nok blomar?
  • Er det insektaktivitet/bier i trea?
Basert på desse faktorane i kombinasjon med temperatur (for å vurdera pollenslangevekst) kan ein gjera ei vurdering for når ein skal sprøyta ATS.
 
Reglar for bruk av ATS
  • Dosering 1,2 – 1,5 kg pr daa (98% aktivt stoff) for fullvaksne tre
  • Sprøyt vanlegvis med ei væskemengde på 20-30 liter pr daa (maksimalt 40 liter)
  • Bland ATS med eit soppmiddel (Delan), men aldri med spreie-/klebemiddel eller anna bladgjødsling!
  • Sprøyt ATS på tørt bladverk, pass på at det også har tørka opp mellom blomane
  • Ikkje sprøyt ATS dersom det er varsla regn den nærmaste tida
  • Ikkje sprøyt ATS når det kan ventast doggfall innan 3-4 timar
  • Bladverket må vera tørt minst 3-4 timar etter sprøyting
  • Sprøyt på dagen: kl 09.00-16.00
  • Start med å sprøyta annakvar rekkje (køyr t.d. køyregang 1-3-5-7 osb.)
  • (Dersom mykje vind: Køyr kvar tredje eller fjerde rekkje)
  • Når du kjem til slutten på feltet, køyr tilbake til starten
  • Vent til trea er heilt tørre (for å minimera sjansen for sviskadar på bladverket)
  • Start deretter å sprøyta rekkjene du ikkje var over på første runde (køyr køyregang 2-4-6-8 osb.)
 
Tidspunkt for ATS-sprøyting
  • Som regel sprøyter ein ATS 1-2 dagar etter full bløming
  • Sjekk blømingstid innan treet. (Eventuell skilnad på toppane og nedste del av trea.)
  • Sjekk blømingstida innan hagen (nordside –sørside)
  • Generelt vil korte, konsekvent skorne låggreiner ha eit ganske godt kartfall, og kan difor sprøytast noko seinare.
  • I konsekvent skorne, opne, moderne tre er det blomane oppover langs stamma som er styrande for den første ATS-sprøytinga.
  • I mindre konsekvent skorne tre (gamle tre) må ein vera litt tidlegare ute med ATS
  • Ved svært gode blømingstilhøve eller svært kraftig bløming kan ein ta ei ny ATS-sprøyting etter nokre dagar
 
Blanding av ATS og Cerone
  • Generelt er ei blanding av ATS og Cerone berre aktuelt i hagar som hadde svært låg avling i fjor, eller er svært vanskelege å tynna
  • For at det skal vera noko poeng i å ta med Cerone må temperaturen vera høg, helst over 18°C.
  • Kombiner ATS med 15-20 ml Cerone pr. daa
  • Ein del dyrkarar har rapportert om gode erfaringar med ein runde ATS + Cerone (låg dose) seint i bløminga i Summerred (når dei siste, svake blomane langs årsskot opnar seg.)
 
Ceronetynning
  • Cerone kan både nyttast i bløminga og seinare for å fremja kartfall
  • Doseringa varierer med temperatur og utviklinga i trea frå 15-25 ml pr. daa
  • Sprøyt på morgonen på ein varm dag. Helst over 18 grader.
  • Ver forsiktig og reduser noko på doseringa over 22 grader.
  • Sprøyt på doggvått bladverk for optimalt opptak
  • Dette gjeld Summerred, Aroma, Prins
NB! Discovery er svært følsom for Cerone. Me er svært skeptiske til bruk i denne sorten.

Rådgjevarar i NLR Vest

Njøs

Sandane Hordaland og Ryfylke, kontorstad Lofthus: