Aktuelt grovfôrstoff frå Norsk Landbruksrådgiving                                                                                           

Viss e-posten ikkje opnar seg skikkeleg, opne i nettlesar her

Fagnytt grovfôr nr. 18 - 16. mai 2022

Blir du med på Grovfôrdagen 2022?

Me har planlagd eit spennande program med ulike stasjonar der me viser og diskuterer faglege utfordringar og problemstillingar.
Høgdepunkt frå programmet:

- Prima sponsar gratis grillmat.
- Demo: gjenvekst etter 1.slått ved ulik stubbehøgde
-Live-demo: husdyrgjødsel med ulikt tørrstoffinnhald - korleis oppførar det seg ved slangespreiing?
-Maskinutstilling, leverandørar av kunstgjødselspreiarar
-Kontroll av brannslukkingsapparat. Ta med for årleg kontroll
 

Tid for ugraskamp!

Snart klart for gjeleggsprøyting?

Mange plasser spirer gjenlegga fint og dei tidlegaste plassane er tidspunktet for sprøyting allereie nådd. Fint vêr gjer at mange kanskje må fram med sprøyta denne veka?

Lågdosemiddela vi ofte brukar har også ein viss jordverkande effekt som hindrar spiring og ein opplever sjeldan at tidleg sprøyting gir dårleg effekt. Så uavhengig av tidleg eller sein såing – ver klar når gras og kløver er komme langt nok, og ver heller litt tidleg enn litt sein!

Men kva er rett stadium? Les meir på nettsida!
 

Ta kampen mot ugraset i beite no!

I alle kulturbeite der pussing er uaktuellt er våren årets desedert beste moglegheit for ugrassprøyting. Grunnen er at sprøyting etter bløming har lite føre seg. 

Dra fram ryggsprøyta og ta nokre rundar der det er mogleg! Treng du hjelp til val av middel? Eller usikker på kva ugras du har?

Her er nokre nyttige lenker for auka kunnskap om ugras og val av middel:

Temperatur avgjer effekten av ugrassprøytinga

Om du skal i gang å sprøyte i eng, beite eller gjenlegg er det viktig å ha med seg at dei ulike sprøytemidla som blir brukt har ulike krav til temperatur for å oppnå ønska effekt.  

Her er ein oversikt over nokon av midla:

MCPA/ Agroxone/ Metaxon
Over 12 grader, helst 20 grader
Mekoprop
Over 8-10 grader, optimalt 10-12 grader
Starane XL (Cleave)
Min 5 grader
Tomahawk
Min 8-10 grader
Gratil
Min 5 grader
Harmony
Min 12 grader, optimalt 14 grader

 

Fram mot slått

Kvalitetsutvikling i eng

Frå neste veke tar ut prognoseprøvar ein gong i veka fleire stader i fylket. Resultata blir lagt ut fortløpande på nettsida og oppdateringar blir publisert på Facebook.

Høgdemåling og teljing av leddknutar vart i dag gjort på Sele i Klepp. Resultata herfrå viser gankse like resultat som i fjor på denne tida, og estimering gjort i grovfôrmodellen viser at energiverdien framleis er over 1,0 FEm/ kg TS.

Varmesum frå fleire stasjonar viser at me har til no hatt noko meir varme enn fjoråret, og dermed kan utviklinga ha komme litt lengre per nå. Men som vanleg er tempraturane me får dei neste vekene meir avgjerande for om det vert tidleg eller sein slått.

Slip knivane - det er snart slått!

For nokon er det lenge til, for andre berre eit par veker til. Men å vera klar for slåtten er aldrig feil. Ver klar i tide og gå gjerne litt systematisk til verks for å gjera ting litt betre enn i fjor!
 
Me i NLR har prøvd å ta dei viktigaste punkta med i ei skjekkliste du kan bruke som støtte.
 
Les meir og finn skjekklista på nettsida vår!

 

Lønnsam fortørking!

Fortørking er det mest lønnsomme tiltaket i grovfôrproduksjonen. Og det å lage et godt grovfôr er et håndtverk.

I ukas podcast skal vi snakke om tekniske tiltak vi kan gjøre for å få raskest mulig fortørking. Òg slåmaskinen, som spiller en sentral rolle!
Rådgiver i NLR Agder, Jan Karstein Henriksen og jærbonde Leif Harbo bidrar.

Vi har også med Per Magne Tøsse fra bedre gardsdrift, som går gjennom funnene fra den siste rivetesten som ble gjort i samarbeid med NLR.

Du finn Bondevennens podcast der du lyttar til podcast eller på bondevennen.no/pod
 

Tankar og løpande vurderingar frå dyktig bonde

-rett inn i NLR si Facebook-gruppe

Jørn Viste frå Nærbø vil utover sesongen skrive på NLR si Facebook-gruppe om deira tal og vurderingar i forbindelse med dei ulike grasslåttane som dei tar. Spørsmål som er relevante for fleire vil han også svare på i kommentarfeltet.
 
På nettsida vår kan du lesa ein introduksjon om Jørn Viste og gardsdrifta deira:
 

Utnytt det du har optimalt

Krevende tider krever god kunnskap. Med høye priser på gjødsel, maskiner, diesel, plast og mye annet må alt gjøres litt mer rett. Sammen finner vi gode løsninger for ditt bruk!

  • Justering av gjødslingsplan
  • Innstilling og bruk av sentrifugalspreder
  • Teig til teig-vurdering
  •  Innstilling og bruk av slåmaskin, rive og annen redskap
  • Oppstartråd presisjonslandbruk
Vi har kunnskapen og verktøykassa, og er alltid i nærheten. Les mer og finn din rådgiver på nlr.no/grovfor

Vi er her for deg. Vi har kunnskapen og verktøykassa – og er alltid i nærleiken!
 

Du kan no bestilla rådgiving på nett!

Eit misslukka gjenlegg? Eller systematisk gjennomgang for å auka avlingane?
Me kan hjelpa med det meste i grovfôrproduksjonen!

No har me laga til eit bestillingsskjema slik at du enkelt kan bestilla den rådgivinga du ønsker på nett.

Sjå meir på grovfôrsida vår på nettet, og finn skjemaet for bestilling.

Og sjølvsagt, du er akkurat like velkommen til å slå på tråden til din grovfôrrådgivar og både spør om råd og avtala besøk. Nett som før!
 

Husdyrgjødsel virkar!

Annlaug tok dette bildet fredag 13.mai. Her er det kjørt normale mengder grisegjødsel, veit ikkje tidspunkt men truleg så tidleg at det har fått både regn og den forrige varmeperioden. Det er kjørt ut N27, men litt seint og utan å få regn før nå. Dette er gammal dyrka mark, sandjord men ikkje veldig skarp jord. Egenvekt 0.9. Høge fosfortal, men pH under det ønskelege, 5,3 i 2019.  Låge naturlege kalireservar. Truleg er det nitrogenet i husdyrgjødsla er det som har gjort størst utslag her. Eit illustrasjonsbilde etter denne tørre våren.   
 

www.rogaland.nlr.no  | rogaland@nlr.no

Dette nyhetsbrevet er sendt til turid.fitjar@nlr.no 

Dersom du ikkje lenger vil motta Fagnytt grovfôr, kan du melde deg av