Kva kan bønder søke Innovasjon Norge om i 2022

Dato:
1. desember 2021 09:30 - 11:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland med fleire
Målgruppe:
Bønder og andre interesserte
Mjølkeproduksjon er prioritert for investeringsmidlar i 2022. Foto: Eli M. Serigstadi 2022

Regionalt landbrukspartnarskap i Rogaland arrangerer 1. desember webinar om prioritering av investeringsmidlar for 2022.

Publisert 04.11.2021

Føremålet med webinaret er å gi tidleg og tydeleg informasjon om prioriteringane for 2022, samt mobilisere for søknadar i prioritert gruppe.

Mjølkefjøs for inntil 30 kyr har høgast prioritet

Partnarskapet hadde møte 27. november der hovudtemaet var prioriteringar for 2022. Innovasjon Norge tek med seg prioriteringane når dei behandlar søknadar om landbruksmidlar. Det var semje om å følgje hovudtrekka frå 2021, med endå større vekt på mjølkefjøs basert på eiga kvote og grovfôrgrunnlag.

Ope webinar med påmelding

Det blir nyttig informasjon, og særleg kjekt å få innslag frå ein ung bonde som har investert i nytt fjøs. Det blir sett av god tid til spørsmål. Meir informasjon om program og påmelding finn du vedlagt.

Velkomen!

Dato:
1. desember 2021 09:30 - 11:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland med fleire
Målgruppe:
Bønder og andre interesserte