Fôrprøver frå eigen produksjon er det beste utgangspunktet for planlegging og styring av produksjonen i innefôringssesongen. Fôrprøvene frå i fjor er ubrukelege - dette er ferskvare!

Det beste er å bruke eit silobor til uttak av prøver, både i rundball og plan/tårnsilo. I plan og tårnsilo er det eigentleg ikkje noko reellt alternativ. NLR Trøndelag har (motorisert) bor, men vi har dårleg erfaring med utlån, så derfor kjem vi heller på besøk med bor og drill i bilen, og hjelper deg.

Her er oppskrifta dersom du ønskjer å ta ut prøver sjølv, utan bor:

  1. Ta ut ca 0,5-1,0 kg surfôr frå siloen/rundballen. Legg surfôret i ein stor plastpose, som du lukker godt før du legg det heile i frysaren.
  2. Gjer det samme i morgon og dagen etter – frå ein ny stad i siloen eller ein nyopna rundball. Prøvematerialet fyller du i samme positur som frå dag 1.
  3. Til saman har du ingen minst 1,5-3,0 kg surfôr. Bland det heile godt, før du tar ut ca 0,5 kg som du fyller i ein plastpose, gjerne med zip-lukking. Klem ut så mykje av lufta som muleg, før du lukker posen. Alternativt kan du bruke vakuumpakkeren sdu har på kjøkkenet og som blir brukt til å pakke elgkjøtt, fisk etc. Ta gjerne ein vanleg frysepose utanpå den vakuumerte posen.
  4. Gjenta prosedyren for ulike kvalitetar (1., 2., 3.slått, skifter med ulik haustetid, botanisk samansetting etc) og merk prøvene slik at du lett greier å skille ein analyserapport frå ein annan når svara kjem frå laboratoriet.

Innsending av prøvene

Du har i prinsippet tre valmulegheiter for laboratorium når du skal sende inn prøvene til analyse; Eurofins, Ofotlab eller Felleskjøpet Rogaland Agder. Vi har ikkje grunnlag for å hevde at eitt laboratorium er betre enn det andre, så dette er opp til den enkelte å avgjere. Alle tre laboratoria har gode beskrivingar på sine nettsider om framgangsmåten for å sende inn prøvane, men generelt gjeld at:

  • Postens «Retur av småpakker» er den raskaste og rimelegaste innsendingsmetoden. Det skal normalt ta to dagar frå pakken er levert på lokalt postkontor/post i butikk til pakken er framme på laboratoriet. Kvart laboratorium har sin eigen kode som må nyttast for å ta ut etiketten som skal festast til pakka. Nærmare opplysning om dette er å finne på heimesidene til laboratoria.
  • Send prøven ein av dei første dagane i veka. Oppbevar prøven i frysaren dersom det går meir enn ein dag frå prøven er tatt ut til sending.
  • Lenker til laboratoria sine heimesider der ein også finn prislister, bestillingsskjema mm.