Dekkvekst i gjenlegg – det muliges kunst

Med dekkvekst vil ein kunne ta ut tilnærma full avling i gjenleggsåret. Dessutan bidreg dekkveksten til å halde frøugraset i sjakk. På den andre sida vil dekkveksten i noko mon konkurrere med engvekstane om lys, næring og vatn. Eit tett plantebestand, legde og/eller sein hausting kan såleis forringe kvaliteten av gjenlegget. På den andre sida er det også ein risiko å hauste dekkveksten tidleg, dvs som grønnfôr når kornet er skytingsstadiet. Da er enda grasplantene små og sårbare og blir lett skadde av hjulutrustinga på traktor og innhaustingsutstyr. Dessutan vil ei slik tidleg hausting oftast fordre ein andreslått, og dette auker risikoen for køyreskader på gjenlegget. Ved hauste dekkveksten seinare, altså som heilgrøde og fortrinnsvis i deigmodningsstadet, vil grasplantene rekke å bli noko meir robuste og ein kan klare seg med berre ein slått. Fôrkvaliteten av slik heilgrøde er betydeleg lågare enn kvaliteten av grønnfôr hausta i skytingsstadiet, men kan passe godt saman med tidleg hausta grassurfôr. Val av haustetid for dekkveksten blir såleis ei avveging mellom innhaustingsforholda og kvaliteten på resten av grovfôret ein har til disposisjon.

Bygg, havre eller kveite? Med eller utan belgvekstar?

Som dekkvekst kan ein så korn eller ei grønfôrblanding. Både bygg, havre og kviete kan nyttast. I ytterkantane av dyrkingsområdet for korn er gjerne havre eit «sikkerstikk» når målet er å hauste dekkveksten som grønnfôr. Havre er imidlertid lite aktuelt når ein tar sikte på å produsere heilgrøde fordi kvaliteten av seint hausta havre blir for låg til høgtytande dyr. Kveite er særleg godt eigna som dekkvekst hausta som heilgrøde fordi kveitebestandet er ope og slepper godt med lys ned til grasplantene. Det er også fint å ha med erter eller vikker, men det set større restriksjonar ifht til haustetidspunktet fordi det gir eit tettare bestand enn berre korn, og det vil føre til svakare vekst og etablering av gjenlegget dersom ein venter for lenge med å hauste.

Såing og gjødsling

I utgangspunktet vil såmengdene være dei same om dekkveksten skal haustast som grønnfôr eller som heilgrøde. I Norge har det vore vanleg å tilrå 20-25% reduksjon i såmengdene av dekkveksten, samanlikna med vanleg såmengd med korn eller belgvekstar. Dette gir følgande såmengder; 15-18 kg bygg eller havre og 18-20 kg kveite (sjå tabell).

I heilgrødeprosjektet som blei avslutta i 2018 var erfaringa både i forsøk og praksis at såmengda hadde mindre å sei for kvaliteten på gjenlegget enn haustetidspunktet. Her brukte ein 20 kg bygg og 24 kg kveite. Både tidleg og sein hausting ga tydelege utslag på avlingsmengda i første engår. Det var særleg kløveren som lei ved sein hausting. Avlingsreduksjonen ved tidleg hausting (sein mjølkemodning) kom mest truleg av at gjenveksten ikkje blei hausta.

For grønnfôrblandingar er det rom for fleksibilitet i blandingsforholdet mellom korn og kløver, men for at belgvekstane skal gi utslag på fôrkvaliteten (proteininnhaldet) bør ein i følgje svenske tilrådingar ha 40-50 % belgvekstar på vektbasis i dekkvekstblandinga. I Trøndelag er det etter kvart fleire som har gode erfaringar med ei blanding av 10-12 kg kveite og 8-10 kg erter når dekkveksten blir hausta i første del av deigmodningsstadiet. For den som har lite erfaring med å så dekkvekst i gjenlegget er anbefalinga å prøve seg litt forsiktig fram og starte med dei lågaste såmengdene.

Det finst også ferdige grønnfôrblandingar å få kjøpt. Pass i såfall på at det ikkje er raigras i blandinga! Raigraset vil ta luven av dei fleirårige grasartane i gjenlegget. Tilrådd såmengd for dekkvekst er vanlegvis oppgitt. Såmengdene for gras er som ved gjenlegg utan dekkvekst; 2,0-2,5 kg. Dekkveksten må såast før engfrøet, fortrinnsvis så snart det er lagleg om våren. Med korn som einaste dekkvekst kan ein likevel dra såinga eit stykke ut i juni. Då vil det høve godt med ein slått på gjenlegget i midten av august. Tilrådd gjødsling er 10-12 kg N pr dekar til gjenlegg med korn som dekkvekst, noko mindre (8-10 kg) når ein har med belgvekstar. Dette kan fordelast mellom husdyrgjødsel (3-5 tonn) og mineralgjødsel. Ein del føretrekkjer å spare noko av mineralgjødsla om våren til ei overgjødsling seinare.

Skjermbilde 2021 02 15 101731

Haustetidspunkt

Hausting av dekkveksten må skje på ettersommaren eller tidleg på hausten, slik at gjenlegget får god tid til å etablere seg før vinteren. For å unngå kjøreskader bør innhaustinga berre gjennomførast når jorda er nokolunde tørr. For å få god kvalitet på grønnfôret er det viktig at det ikkje blir hausta for seint. Perioden frå begynnede skyting og fram mot grønnmodning er i såfall gunstig. Erterplantene skal være i blomstring, men dei nedste belgane kan ha utvikla erter. For heilgrøde er haustetida relativt fleksibel, men ein kan vente lenger med rein korndekkvekst enn når ein har med belgvekstar (erter, vikker). Venter ein for lenge blir risikoen stor for at kvaliteten på gjenlegget blir dårleg. Dessutan vil det være krevjande å få berga avlinga med vanleg hausteutstyr (les: rundballepresser) utan store drysstap frå belgvekstane. I flatbygdene kan korn i reinbestand stå til modning utan at kvaliteten av gjenlegget blir forringa. Heilgrødeprosjektet viste likevel at det er lite/inkje å vinne m.o.t. avling av heilgrøden ved å utsette haustinga lenger enn til middels deigmodning (Zadoks 85). I ytterkantane av dyrkingsområdet for korn bør ein hauste tidlegare; sein mjølkemodning-tidleg deigmodning (Zadoks 77-83) for å sikre god etablering av gjenlegget.

Les meir om heilgrøde i Buskap nr 68/2017 og Buskap nr 3/2018.